|
Knut «Spunky» Brekken frå Ikjefjord har skrive to nye vers til «Vi vandrar saman» som kjem på plate i neste månad. «Dette tykkjer eg er artig» sier Olav Stedje i ein kommentar. |
Ikjefjording rappar
Olav Stedje-melodi –Dette er ei nyinnspeling av Olav Stedje sin store slager frå 1981, «Vi vandrar saman». Eg har skrive to nye vers som eg rappar på plata. Det seier Knut «Spunky» Brekken frå Ikjefjord til Ytre Sogn. Skriven av Rune Sviggum Det er produsent-duoen Agen'da frå Levanger som står bak innspelinga. På heimesida deira står det at dei er aktuelle med singelen «Venner» (Vi vandrar saman). «Vi vandrar saman» var det store gjennombrotet for Olav Stedje som artist. Melodien er skriven av Lava-kompis Svein Dag Hauge, også han har sterke sognerøter. Olav Stedje og Knut «Spunky» Brekken er med på plata. To nye vers –Eg er både tekstforfattar og rappar, og dette er den første plata eg er med på, seier «Spunky» Brekken. «Spunky» seier at han har skrive to vers som han sjølv rappar på plata. Refrenget er det Stedje som syng. –Ein kan vel seie at dette er ei nyinnspeling av «Vi vandrar saman, seier Brekken. Han karaktriserer musikken som rapp og gammal populærmusikk. Rappar på nynorsk –Korleis kom dette prosjektet i gang? –Eg såg på internett at produsent-duoen Agen'da var interesserte i å kome i kontakt med ein som rappa på nynorsk. Eg sendte eit svar, og på den måten fekk dei høyre musikken min. Dermed var det heile i gang, seier han. I februar Knut «Spunky» Brekken er 21 år gamal. Han er no flytta frå Ikjefjord til Tromsø der han studerer engelsk. Det er plateselskapet Tylden & Co som skal gje ut singelen, og den vil kome ut no i februar. –Blir den ein hit, Brekken? –Sjølvsagt håpar eg på at det skal bli ein hit, men slikt er det vanskeleg å svare på. Eg håpar i alle fall at den vil bli spela på radio, det er viktig, seier rapparen frå Ikjefjord. Artig –Dette tykkjer eg er artig, for meg er dette ein ny måte å gjere ting på, seier Olav Stedje. –Har du høyrt det ferdige produktet? –Nei, men eg har høyrt ein råmiks, og det var artig. |
|